Min erfaring med ADHD- frå skam til aksept

ADHD (Attention Deficit Hyperactivity Disorder) er ein nevrobiologisk tilstand som påverkar evna til å regulere oppmerksomheit, impulskontroll og aktivitetsnivå. Personar med ADHD kan oppleve utfordringar med å halde fokus, kontrollere impulsar, og organisere oppgåver. Dei vanlege symptoma kan inkludere vansker med å halde fokus, hyperaktivitet, impulsivitet, og dårleg tidsstyring.

Eg fekk ADHD-diagnosen då eg var 8 år gammal. Som barn følte eg meg ofte annleis enn dei andre, og då eg fekk diagnosen, var det både ei lettnad og ei kjensle av skam. ADHD var ikkje noko folk snakka om, og det føltes flaut å ikkje få det til på skulen eller i det sosiale.

Som fosterbarn var eg allereie vant til å føle meg “annerleis”. Eg hadde alltid kjent på at eg ikkje passet heilt inn, og ADHD-en berre forsterka den følelsen. Det føltes som om eg var i ein konstant kamp med meg sjølv for å bli forstått. Når eg fekk diagnosen, følte eg ikkje at medisin var løysinga. Det var som om det var ein annan ting som skulle skille meg frå alle dei andre, og eg ville ikkje føle meg meir “spesiell” enn eg alt gjorde.

Det tok lang tid før eg byrja å skjønne at ADHD ikkje definerte meg som person. Eg har hatt mine utfordringar, som å halde fokus på skolearbeid og å føle meg utanfor, men samtidig har eg oppdaga at ADHD har gjeve meg unike styrker, som evna til å sjå ting på ein annan måte.

I dag har eg lært å akseptere ADHD som ein del av meg. Det har vore vanskeleg, men eg har funne måtar å leve med det på, og eg veit at det ikkje er noko å skamme seg over. ADHD er ein del av meg, men det er ikkje heile meg.

Eg håper at ved å dele mine erfaringar, kan eg bidra til å auke forståinga for ADHD og redusere stigmaet som ofte følgjer med diagnosen. Vi kan alle finne måtar å leve godt med våre utfordringar, og det er viktig å huske at ADHD ikkje er noko vi skal skjule, men heller lære å akseptere og forstå. 

Legg til kommentar

Kommentarer

Det er ingen kommentarer ennå.