Myter og fakta om fosterbarn - frå mitt perspektiv

Eg har høyrt mange rare ting om fosterbarn opp gjennom åra. Folk har fordommar, og ofte kjem kommentarar som ikkje stemmer i det heile tatt. Difor vil eg bruke litt tid på å knuse nokre av mytane – for kven veit betre enn oss som faktisk har vore fosterbarn?

 

Ein av dei mest utbreidde mytane er at fosterbarn alltid er problematiske. Mange ser for seg barn med store åtferdsproblem, men det stemmer ikkje. Ja, vi har opplevd ting som kan påverke oss, men det betyr ikkje at vi er vanskelege eller umoglege å handtere. Vi er heilt vanlege barn som har hatt ein tøff start, men som, med tryggleik og støtte, kan finne vår plass og skape gode liv for oss sjølve.

 

Ein annan ting eg ofte høyrer, er at fosterbarn ikkje skal ha kontakt med sine biologiske foreldre. Dette er ikkje sant for alle. For nokre fungerer samvær fint, medan for andre er det ikkje trygt eller til det beste. Det viktigaste er at kvart barn blir vurdert individuelt. Eg hadde sjølv samvær, men for meg gjorde det meir skade enn godt, og til slutt innsåg det var betre utan. Det handlar om å sikre trygghet og stabilitet.

 

Og så er det den klassiske myta om at fosterforeldre gjer dette berre for pengane. Eg veit at mange tenkjer slik, men realiteten er at fosterforeldre gjer ein enorm jobb. Økonomisk støtte er ein del av systemet, men å ta vare på eit barn krev mykje meir enn det pengar kan dekke. Dei beste fosterforeldra er dei som gjer dette av omsorg, ikkje fordi det løner seg.

 

Til slutt vil eg snakke om ei anna misoppfatning: at fosterbarn ikkje får moglegheiter. Sanninga er at mange av oss får gode moglegheiter, men det kjem an på støtta vi får. Eg har sjølv fått moglegheiter eg aldri kunne drøymt om – som å delta på aktivitetar, dra på leirar og få støtte til utdanning. Det er ikkje alltid enkelt, men vi kan oppnå store ting med rett hjelp og rett folk rundt oss.

 

Så ja, folk kan meine mykje, men dette er sanninga 💛


Legg til kommentar

Kommentarer

Det er ingen kommentarer ennå.