Traume og tidlegare erfaringar som fosterbarn
Som fosterbarn har eg erfart mange utfordringar som har satt spor både i kroppen og i sinnet. Den tidlege opplevinga med usikkerheit og utryggheit frå mine biologiske foreldre har påverka meg på måtar som ikkje alltid har vore lette å forstå. Eg har opplevd omsorgssvikt og desse erfaringane har satt djupare merke på meg enn eg kanskje vil innrømme. Det er først no, som vaksen, at eg kan sjå kor store konsekvensar desse tidlege opplevingane har hatt for meg.
Som barn forsto eg ikkje fullt ut kva som skjedde rundt meg, men eg bar på ein konstant frykt for å bli svekt igjen. Dette har påverka meg langt inn i vaksenlivet. Den utryggheita eg følte då, er noko eg enno kjenner på. Eg har alltid hatt utfordringar med å stole på folk, og har ofte stengt meg sjølv ute frå dei som prøvde å hjelpe meg. I dag ser eg at desse traumatiske opplevingane var med på å forme min sjølvforståing, og korleis eg ser på verda rundt meg.
Emosjonelle utfordringar som fosterbarn
Den største utfordringa eg har hatt som fosterbarn, har vore å stole på vaksne. Etter å ha blitt svikta av mine biologiske foreldre, har eg hatt ei mur rundt meg som hindra meg i å opne meg for dei som kom inn i livet mitt etterpå. Eg har hatt vanskeleg for å uttrykke meg, og spesielt når eg følte meg låst fast med vonde følelsar. Eg visste ikkje alltid korleis eg skulle be om hjelp, og ofte drog eg meg unna. Når folk prøvde å kome meg nær, blei eg redd for å bli skuffa på nytt. Den frykta har forma meg som person og gjort det vanskeleg å skape nære relasjonar.
Langsiktige konsekvensar som fosterbarn
Dei tidlege traume eg har opplevd som fosterbarn, har hatt langt meir varige konsekvensar enn eg først forstod. Som vaksen har eg kjent på angst, depresjon og ofte ein følelse av å vere fastlåst i dei opplevingane frå barndommen. Det har vore vanskeleg å knytte meg til andre på eit djupt plan, og sjølv i vaksenlivet har det vore utfordrande å stole på folk. Den usikkerheita og frykta som var ein del av barndommen min, har halde meg tilbake i mange situasjonar.
Eg har også kjent på ein konstant frykt for å ikkje lykkast, eller for å gjenta feil frå fortida. Som vaksen har eg hatt eit behov for mykje støtte for å kunne handtere desse konsekvensane, og for å bygge meg sjølv opp på nytt. Eg håper at samfunnet kan bli betre på å støtte fosterbarn – både når dei er barn og når dei er vaksne – slik at dei kan få den stabiliteten og tryggleiken dei treng for å leve eit fullt liv.

Legg til kommentar
Kommentarer